Personvernerklæring kurs

Kursrekke i Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) - Samling 2

Kursrekka er eit samarbeid mellom Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland . Gjennom fire dagsamlingar i 2017 får deltakarane teoretisk og praktisk erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon. Målsetjinga er kommunal kompetansebygging i ASK. 

Dato: 06.04.2017 kl. 09:30 - 15:00
Påmeldingsfrist: 27.03.2017
Målgruppe: Målgruppa er foreldre og andre nærpersonar og personar i miljøet rundt brukaren  - frå barnehage, skule, avlastning, arbeid, PPT, kommunale ASK-kontakter, ergoterapeutar m.fl.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Kurset er gratis. Ta med matpakke
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har i fellesskap utarbeidd ei kurs/nettverksrekke som bidrar til å bygge kompetanse rundt ASK i kommunane i Hordaland. Ved saman å møte brukarar og nærpersonar som treng både teknisk og metodisk/pedagogisk hjelp for å legge til rette for kommunikasjon, aukar sjansen for å få kommunikasjonshjelpemiddel i funksjonell bruk. Det er planlagt fire dagsamlingar i løpet av 2017. Samarbeidsmodellen er eit forsøk på: «Ja takk, begge delar»,  der kompetansebygging på både dei tekniske og pedagogiske utfordringane ved ASK  fagområda skjer i ein samanheng og på same dag.

I løpet av 2017 skal vi ha 4 samlingar. Dette er ei kursrekke. Deltakinga er open og ein må ikkje gå på alt, men der er ein progresjon i tema.

  • Fokus i samling 1, 14.02.2017: Sjå eiga påmelding

Kva er ASK, og kva finst av aktuelle hjelpemiddel?

  • Fokus i samling 2, 06.04.2017:

Kartlegging – korleis finne ut kva som passar for kven?

  • Hausten 2017: 3. og 4. samling: 3 og 4. samling vil ha funksjonell bruk som samlande overskrift. Det vil særleg bli lagt vekt på partnarkompetanse, og korleis få i bruk kommunikasjonshjelpemidlet. Til det siste vil vi arrangere parallellar som er spissa direkte inn mot dei ulike hjelpemidla.

Vi legg vekt på at deltakarane skal vere aktive på kursdagane. Arbeidsformer vil vere varierte faglege presentasjonar, erfaringsdeling, praktisk utprøving, refleksjon og drøfting i gruppe, analyse av videoklipp, parallelle workshops med direkte arbeid rundt eigen ASK-brukar, m.m.

I tillegg vil deltakarane ha muligheit til å drøfte individuelle problemstillingar med rådgjevarane på kurset. Det vil vere utstilling på enkelte av samlingane.

 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på:

anne-merete.kleppenes@statped.no eller jenny.sorterup.hysing@statped.no

Du kan og kontakte NAV Hjelpemiddelsentral ved Charlotte.Iversen@nav.no

Andre merknader

 

.