Personvernerklæring kurs

Kurs i Helhetslesing

Helhetslesing (Frost, 2003) er ei ramme for spesialpedagogisk leseopplæring, som inneheld tre fasar; heilheit-del-heilheit. Ramma gir pedagogen mulegheit til å tilpasse opplæringa til elevar med lese-og skrivevanskar- same kva nivå dei er på.

Dato: 28.03.2017 og 04.05.2017 kl. 10:00 - 15:00 begge dagar
Påmeldingsfrist: 13.03.2017
Målgruppe: Pedagogar i grunnskulen og vidaregåande skule, logopedar, PPT-tilsette m.fleir.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Kr. 1200
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Kurset er praktisk retta, og går over to dagar 28. mars 2017 og 4. mai 2017 frå kl.10.00-15.00.    

Dagane vil innehalde blant anna teori om leseutvikling, arbeid med case, planlegging og gjennomføring av tiltak som t.d. intensive lesekurs. Det blir tid til erfaringsutveksling og drøfting begge kursdagane. Vi vil presentere måtar å gjennomføre lesekurs på ved hjelp av digitale tenester.

Kursdeltakarar vil få utdelt heftet: Spesialpedagogisk leseopplæring- en veileder (Godøy & Monsrud 2011, Statped).

Ein må rekne med noko arbeid mellom kursdagane.

Kontaktinformasjon

Sølvi Ellefsen Brøgger: solvi.ellefsen.brogger@statped.no

Malin Dybendahl Dalby: malin.dalby@statped.no

Chris Lund: chris.lund@statped.no

Aktuelle lenker
http://www.statped.no/fagomrader-og-laringsressurser/finn-laringsressurs/sprak-og-tale/Spesialpedagogisk-leseopplaring--en-veileder-2utgave/