Personvernerklæring kurs

Kurs for elevar på 5. trinn som er svaksynte og les visuelt (uke 15/2018)

Eit sentralt tema i kurset er korleis hjelpemiddel og digitale læringsressursar kan bidra til å styrke eleven sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving.

Dato: 10.04.2018-12.04.2018 kl. 11:00 - 15:00
Påmeldingsfrist: 02.01.2018
Målgruppe: Kurs for elevar på 5. trinn, deira foreldre og skulens personale.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Ingen kursavgift. Statped dekkjer utgifter til kost og losji. Statped dekkjer ikkje reiseutgifter.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

 Overordna målsetting for Statpeds kurstilbod til synshemma elever er å:

Stimulere lærelysta hjå eleven og gje auka læringsutbytte. 

  • Motivere eleven til å utvikle formålstenlege arbeidsmåtar, læringsstrategiar og synskompenserande ferdigheiter. 
  • Støtte skulen sitt arbeid med å gje eleven eit godt læringsutbytte i eit inkluderande læringsmiljø. 
  • Styrke føresette sine mogelegheiter for å ta aktivt del i eleven si opplæring.

Eleven sine føresette  og skulen sitt personale har delvis separate kursopplegg, og delvis program saman med elevane.

Blant tema i 5.-trinnskurset vil vere:

  • Læringsfellesskap kring bruk av optiske hjelpemiddel
  • Betjene forstørringsprogram / tilpasingsmogelegheitar på pc 
  • Touch og hurtigtastar 
  • Appar, nettbrett og smarttelefon
  • Vi søker opp informasjon frå ulike medier 
  • Vi lager og framfører eigne presentasjonar 

Vi tek utgangspunkt i kompetansemål i naturfag og matematikk. Kurset vil også omfatte mobilitet og fysisk aktivitet. 

I deler av kurset blir det lagt opp til eigne tema for føresette og pedagogisk personale:

  • Bruk av hjelpemiddel og læringsressursar 
  • Det psykososiale miljøet: Inkludering og samhandling 
  • Aktuelle rettigheiter i opplæringslova 
  • Arbeid med kompetansemål og vurdering 
  • Tilretteleggjing ved prøver 
  • Mobilitet og sjølvstede 
  • Aktivitetar i dagleglivet (ADL)

Det vert sett av tid til erfaringsutveksling og arbeid i grupper.

Innhaldet i kurset blir så langt det er mogeleg tilpassa elevane, skulene og føresatte sine behov. Vi tek atterhald om mindre endringar i kursprogram.

Før påmelding må ein ha søkt om tenester frå Statped. Om det ikkje ligg føre eit vedtak om tenester, må PPT sende in søknad. Sjå :

Skjema for søknad om tenester

Dette kurset er eit tilbod til dei som bur i region vest, midt og nord. Tilsvarande kurs vert arrangert i region sør-aust

Kurs 28.02.2018, Kurs 06.03.18

 

Andre merknader

Det vert heldt to like kurs i veke 15 og 16. Om det er få påmelde får alle tilbod om kurs i veke 15 og kurset i veke 16 vert avslyst.

Aktuelle lenker

Vi oppfordrar personale og føresette til å gjere seg kjend med dei to veilederne som danner basis for innhaldet i Statped sine kurs for synshemma elever:

Rettleiar om opplæring i punktskrift,mobilitet og bruk av tekniske hjelpemiddel:

Rettteleiar om kompetansemål for elevar med synshemming
Føresette sine rettar når dei deltar på kurs