Personvernerklæring kurs

Kursrekke i Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) - Samling 3 - Parallelle kurs/workshop

Kursrekka er eit samarbeid mellom Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland . Gjennom fire dagsamlingar i 2017 får deltakarane teoretisk og praktisk erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon. Målsetjinga er kommunal kompetansebygging i ASK. 

Dato: 27.09.2017 kl. 09:30 - 15:00
Påmeldingsfrist: 14.09.2017
Målgruppe: Målgruppa er foreldre og andre nærpersonar og personar i miljøet rundt brukaren  - frå barnehage, skule, avlastning, arbeid, PPT, kommunale ASK-kontakter, ergoterapeutar m.fl.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Kurset er gratis. Ta med matpakke.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har i fellesskap utarbeidd ei kurs/nettverksrekke som bidrar til å bygge kompetanse rundt ASK i kommunane i Hordaland. Ved saman å møte brukarar og nærpersonar som treng både teknisk og metodisk/pedagogisk hjelp for å legge til rette for kommunikasjon, aukar sjansen for å få kommunikasjonshjelpemiddel i funksjonell bruk. Det er planlagt fire dagsamlingar i løpet av 2017. Samarbeidsmodellen er eit forsøk på: «Ja takk, begge delar»,  der kompetansebygging på både dei tekniske og pedagogiske utfordringane ved ASK  fagområda skjer i ein samanheng og på same dag.

 I løpet av 2017 skal vi ha 4 samlingar. Dette er ei kursrekke. Deltakinga er open, og du må ikkje gå på alle samlingane, men der er ein progresjon i tema. I løpet av våren 2017 har vi gjennomført to kursdagar. Hausten 2017 skal vi gjennomføre 2 kursdagar der vi legg opp til å gjennomføre parallelle sesjonar/workshop.

* Samling 3: 27.september 2017

* Samling 4: 15.november 2017 - Sjå eigen påmelding

Vi legg vekt på at deltakarane skal vere aktive på kursdagane. Arbeidsformer vil vere varierte faglege presentasjonar, erfaringsdeling, praktisk utprøving, refleksjon og drøfting i gruppe, analyse av videoklipp, parallelle workshops med direkte arbeid rundt eigen ASK-brukar, m.m.

I tillegg vil deltakarane ha muligheit til å drøfte individuelle problemstillingar med rådgjevarane på kurset. Det vil vere utstilling på enkelte av samlingane.

 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på:

anne-merete.kleppenes@statped.no eller jenny.sorterup.hysing@statped.no

Du kan og kontakte NAV Hjelpemiddelsentral ved Charlotte.Iversen@nav.no

Andre merknader

Program og info