Personvernerklæring kurs

Kurs i Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) - Bergen. Samling 1

"Det er lett å få hjelpemiddel, men vanskeleg å ta i bruk". Kurset er eit samarbeid mellom NAV HMS Hordaland og Statped vest om kommunal kompetansebygging i ASK.

Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har i fellesskap utarbeidd kurs som skal bidra til kompetansebygging rundt ASK i kommunane i Hordaland. Våren 2018 skal vi gjennomføre to kurs/samlingar. Vi legg stor vekt på at deltakarane skal vere aktive på kursdagane.

Dato: 07.03.2018 kl. 09.30-15.00
Påmeldingsfrist: 02.03.2018
Målgruppe: Målgruppa er nærpersonar og personar i miljøet rundt brukaren (frå barnehage, skule, avlastning, arbeid), PPT, kommunale ASK-kontakter, ergo- og fysioterapeutar.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Kurset er gratis, ta med matpakke.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Samling 1 gjennomførast 07.03.2018 og tema vil vere:

"Kva er ASK, og kva finnst av aktuelle hjelpemiddel?"

Samling 2 skal vere 03.05. 2018 og då er temaet:

"Kartlegging - korleis finne ut kva som passar for kven?"

Du kan delta på eit eller begge kursa.

Vi legg stor vekt på at deltakarane skal vere aktive på kursdagane. Arbeidsformer vil vere faglege presentasjonar, erfaringsdeling i små grupper eller par, praktisk utprøving, analyse av videoklipp og samtale med kurshaldarane.

Deltakinga er gratis, ta med matpakke.

Kontaktinformasjon

Du kan og kontakte Jenny Hysing, Statped eller Charlotte Iversen ved NAV HMS Hordaland.