Personvernerklæring kurs

Fagtorg vest 2019

Fagtorget 2019 er ein regional konferanse for PPT-tilsette i vestlandsregionen og er tidlegare arrangert i 2015 og 2017.

Dato: 28.08.2019 kl. 10 - 16 og 29.08.2019 kl. 09 - 15
Påmeldingsfrist: 23.08.2019
Målgruppe: Alle tilsette i PPT i vestlandsregionen.
Stad: Radisson Blu Royal Hotel, Bryggen 5, 5003 Bergen
Pris: Kr. 1800.- for to dagar. Kr. 1000.- for ein dag
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Programmet skal bidra til kompetanseutvikling. Målsettinga er at PPT-tilsette får med seg konkrete idear til nytte i dagleg arbeid. Fagtorget har ikkje eit overordna tema, men eit bredt spekter av sesjonar med ulikt innhald. Kvar dag startar med to plenumsinnlegg og fortsett med 7- 8 parallellsesjonar. Totalt er det 4 plenumsesjonar og 16 parallellsesjonar.

Sjå heile programmet med oversikt over parallellsesjonar, føredragshaldarar og praktisk informasjon.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om Fagtorget 2019? Send e-post til Walther Olsen (walther.olsen@statped.no) eller til Inga Fjelltveit Skagseth (Inga.Fjelltveit.Skagseth@statped.no)

Andre merknader

Overnatting: Det er reservert rom til konferansedeltakarane. Du må sjølv bestille rom ved å sende e-post til elisabeth.hjetland@radissonblu.com. Du gjer sjølv opp direkte med hotellet.

Kursavgiften dekker lunsj, pausemat og kurshonorarer.

Aktuelle lenker
Fagtorg vest 2019
Radisson Blu Royal Hotel, Bergen
Hoteller i Bergen (visitbergen)