Personvernerklæring kurs

Kurs for elevar på 10. trinn med nedsett høyrsel og deira føresette

Kurs for føresette og elevar på 10. trinn skuleåret 2020/2021. Tema vil vere overgang til vidaregåande opplæring for elevar med nedsett høyrsel.

Dato: Torsdag 26. november 2020, kl. 0900 - kl. 1330
Påmeldingsfrist: 12.11.2020
Målgruppe: Elevar på 10. trinn med nedsett høyrsel og deira føresette. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Statped arrangerer kurs om nedsett høyrsel og overgang til vidaregåande skule i samarbeid med Nordahl Grieg Vidaregåande skule. 

Kurset har som mål å førebu elev og føresette på overgangen til vidaregåande skule. 

Tema:

  • Høyrselstekniske hjelpemiddel
  • Informasjon om ulike skuletilbod
  • Søknadsprosess, lovar og rettar
  • Bevisstheit rundt eige høyrselstap

Økonomi
Føresette som er i løna arbeid kan søkje NAV om opplæringspengar lf. Lov om Folketrygd § 9-13. Statped vil gje føresette stadfesting på kursdeltaking. Føresette har rett til permisjon for å delta på slike kurs jf. Arbeidsmiljøloven § 12-9 3. ledd.

Påmelding:
I påmeldingsskjemaet er det viktig at du registrerer kvar person som kjem. Deltakar 1 (kontaktperson) er deg sjølv, så legg du til elev (legg til ny deltakar) og eventuelt ein føresett til, dersom det er aktuelt.

Opplys om kva for to vidaregåande linjar er mest aktuell for eleven. 

Kontaktinformasjon

Tharani Thangarajah
Tlf: +47 482 91 709
Epost: tharani.thangarajah@statped.no

Tonje Næsheim
Tlf: + 47 415 10 069
Epost: tonje.naesheim@statped.no

Aktuelle lenker
Nordahl Grieg Vidaregåande skule:
Knutepunkstskolen for elevar med nedsatt hørsel