Personvernerklæring kurs
Digitalt basiskurs i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) for region vest, over to dagar.
Basiskurset består av to digitale kursdagar og er eit samarbeid mellom Statped vest og NAV Hjelpemiddelsentral Vestland og Rogaland. Målsettinga er å gje ei basisinnføring i fagfeltet alternativ og supplerande kommunikasjon på dag ein. Dag to kan ein velje tema tilpassa behov.
KursOppdatert: 20.10.2020
Dato: Onsdag 23. september 2020, kl. 0900 - 1430 og torsdag 24. september 2020, kl. 0900 - 1400
Påmeldingsfrist: 14.09.2020
Målgruppe: Målgruppa er nærpersonar og personar i miljøa rundt personen som brukar ASK (frå barnehage, skule, avlasting, arbeid), PP-tenesta, kommunale ASK-kontaktar, ergoterapeutar m.fl.
Stad: Webinar, På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.
23.09.2020: Webinar om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- Tidleg kommunikasjon- og språkutvikling
- Fagfeltet ASK. Grafiske symbol og teikn som støtte til tale
- Språkmiljø, inkludering og rolla som kommunikasjonspartnar
- Kartlegging og gode overgangar
- Tilgjengelege nettressursar
Praktisk informasjon: Webinaret 23.09 er direktesendt med varigheit frå 09.00-14.30. Livechat vert svart på undervegs. Du koplar deg på med tilsendt lenke frå din digitale eining. Det er ubegrensa påmelding for region vest, fylka Vestland og Rogaland. Lenke til webinaret vert sendt ut etter påmeldinga.
24.09.2020: Parallelle miniseminar med fordjuping i ulike tema knytt til ASK
- Korleis søke kommunikasjonshjelpemiddel frå NAV HMS
- Naturlege teikn som støtte til tale i dagleg kommunikasjon
- Å støtte kommunikasjonsferdigheiter med grafiske symbol og plansjar
- Emergent literacy. Tidlege skriftspråkferdigheiter som grunnlag for å lære å lese og skrive når personar nyttar ASK
- Frå tolking av kroppsspråk og gestar til grafisk symbolkommunikasjon
Praktisk informasjon: Miniseminara har ei varigheit på to timar. Du kan melde deg på eit seminar frå lista over i tidsrommet 09.00-11.00, og eit seminar i tidsrommet 12.00-14.00. Seminara vil ha maksimalt 15 deltakarar i kvar gruppe, og det vert høve til felles diskusjon. Lenke for deltaking til seminara vert sendt ut etter påmeldinga.
Vi anbefaler å delta begge dagane for størst fagleg utbytte.
Kursansvarlege frå Statped er Anne Moen, Anita Sande, Kaia-Iren Førde, Lena Andresen, Line Sekse Bakke og Silje Hamnes Hjørnevik.
Kursansvarlege frå NAV HMS er Charlotte Iversen og Rita Tvedt.
Nærare informasjon vert sendt på e-post etter påmeldingsfristen 09.09.2020.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med oss om det er noko du lurar på: Anne.Moen@statped.no eller Line.Sekse.Bakke@statped.no. Du kan og kontakte NAV Hjelpemiddelsentral ved Charlotte.Iversen@nav.no
Aktuelle lenker
Statped.no ASK
E-læring grunnkompetanse i ASK
https://www.nav.no/no/Person/Hjelpemidler/Hva+har+du+vansker+med/tale-og-språk