Personvernerklæring kurs

Digitalt kurs i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Kurset består av to digitale kursdagar. Målsettinga er å gje ei innføring i fagfeltet alternativ og supplerande kommunikasjon på dag ein. På dag to kan ein delta på to miniseminar og velje tema tilpassa behov. 

Dato: Onsdag 27. januar 2021, kl. 0900 - 1430 og torsdag 28. januar 2021, kl. 0900 - 1400
Påmeldingsfrist: 22.01.2021
Målgruppe: Målgruppa er nærpersonar og personar i miljøa rundt personen som brukar ASK (frå barnehage, skule, avlasting, arbeid), PP-tenesta, kommunale ASK-kontaktar, ergoterapeutar m.fl. 
Sted: Webinar, På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har utløpt.


27.01.2021: Innføring i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) 

  • Tidleg kommunikasjon- og språkutvikling 
  • Fagfeltet ASK. Grafiske symbol og teikn som støtte til tale  
  • Språkmiljø, inkludering og rolla som kommunikasjonspartnar 
  • Kartlegging, samarbeid og gode overgangar    

Praktisk informasjon:
Kurset 27.01 er direktesendt med varigheit frå 09.00-14.30. Livechat vert svart på undervegs. Du koplar deg på med tilsendt lenke frå din digitale eining. Det er ubegrensa påmelding. Lenke til kurset vert sendt ut etter påmeldingsfristen 22.01.2021.

28.01.2021: Parallelle miniseminar med fordjuping i ulike tema knytt til ASK 

  1. Naturlege teikn som støtte til tale i dagleg kommunikasjon 
  2. Å støtte kommunikasjonsferdigheiter med grafiske symbol og plansjar 
  3. Tidlege skriftspråkferdigheiter som grunnlag for å lære å lese og skrive når personar nyttar ASK. Emergent literacy.
  4. Frå tolking av kroppsspråk og gestar til grafisk symbolkommunikasjon

Praktisk informasjon:
Miniseminara har ei varigheit på to timar. Du kan melde deg på eit seminar frå lista over i tidsrommet 09.00-11.00, og eit seminar i tidsrommet 12.00-14.00. Seminara vil ha maksimalt 50 deltakarar i kvar gruppe, og det vert høve til felles diskusjon. Lenke for deltaking til seminara vert sendt ut etter påmeldinga. I desse miniseminarene vert deltakarane delt i refleksjonsgrupper og det vert noko praktisk retta arbeid. Dette forutsett at deltakarane har kamera og mikrofon på.   

Kursansvarlege frå Statped er Anne Moen, Anita Sande, Kaia-Iren Førde, Inghild Dusevig, Lena Andresen, Line Sekse Bakke og Silje Hamnes Hjørnevik. 

Nærare informasjon vert sendt på e-post etter påmeldingsfristen 22.01.2021. 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med kursadministrasjonen om det er noko du lurar på: karen.somhovd@statped.no, tlf. 90787782

Aktuelle lenker
Statped.no ASK
E-læring grunnkompetanse i ASK
Tegnordbok