Personvernerklæring kurs

Autisme. Webinar 1: Moglegheiter for alle!

I dette webinaret vil du få tips og idear til tema å reflektere rundt i profesjonsfellesskapet. Overordna intensjon er at alle barn og unge skal kjenne at dei høyrer til, og at barnehagen og skulen er ein trygg stad å vere og å lære.

Webinaret er ein del av ei rekke med tema pedagogisk tilrettelegging for barn og unge innanfor autismespekteret. Oversikt og påmelding til dei ulike tema får du ved å opne kvart einskild webinar.

Dato: Onsdag 01.09.2021, kl. 1430 - 1515
Påmeldingsfrist: 30.08.2021
Målgruppe: Webinaret passer for leiar i skule, leiar og tilsette i PP-tenesta og tilsette i kommuneadministrasjon, som arbeider med å utvikle gode læringsfellesskap for alle elevar i kommunen. 
Sted: Webinar, På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har utløpt.

Med bakgrunn i kunnskap og praksiserfaring vil vi rette fokus mot tema som kultur for kunnskap, haldningar, inkluderande praksis og samarbeid. Dette er emne som kan skape grunnlag for gode refleksjonar i ditt profesjonsfellesskap. Målet er å bygge felles forståing for mangfald og sjå moglegheiter i læringsfellesskapet. 

Kan ein rigge barnehagen og skulen for alle - også for barn og unge innanfor autismespekteret?
Vi vil vise til kva som er sentralt å leggje vekt på, ta omsyn til og kva leiinga må legge til rette for.  

Kontaktinformasjon

Anne Moen, e-post: anne.moen@statped.no

For spørsmål om påmelding: Karen Sømhovd, karen.somhovd@statped.no

Andre merknader

Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.

 

Aktuelle lenker
https://www.statped.no/autisme/
https://www.statped.no/autisme/autisme-og-inkludering-i-grunnskolen/
 
Lenker til webinarrekkens øvrige kurs:
Planarbeid i det inkluderande læringsmiljøet
Struktur og forutsigbarhet som grunnlag for trivsel og meistring
Korleis forstå atferd som utfordrar
Sosiale ferdigheiter i skulekvardagen
Sensoriske vanskar og tilrettelegging
Støtte til språk og kommunikasjon når talespråk ikkje strekk til
"Saman om vår elev"
Sosiale ferdigheiter i barnehagen