Personvernerklæring kurs

Autisme. Webinar 5: Sosiale ferdigheiter i skulekvardagen

Dette webinaret vil gje innsikt i kvifor det er viktig å jobbe spesifikt med sosiale ferdigheiter for barn og unge innanfor autismespekteret. Vi vil sjå nærare på korleis ein i læringsmiljøet kan leggje til rette for utvikling av sosial kompetanse som er nyttig for trivsel og meistring i skulekvardagen.  

Dette er ein del av ei webinarrekke med tema pedagogisk tilrettelegging for barn og unge innenfor autismespekteret. 

Oversikt og påmelding til dei ulike tema får du ved å opne kvart einskild webinar.

Dato: Onsdag 29. september 2021, kl. 1430 - 1515
Påmeldingsfrist: 27.09.2021
Målgruppe: Webinaret passer for alle som arbeider med elevar innan autismespekteret.
Sted: Webinar, På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har utløpt.

Fleire elevar innan autismespekteret opplever vanskar med sosialt samspel. Dette får konsekvensar både for relasjonar til medelevar og vaksne og for trivsel, meistring og læring. Det er mykje ein i læringsmiljøet kan gjere for at skulekvardagen skal opplevast god, og vi ser på nokre aktuelle verktøy og metodar. 

Den 10. november vil det komme eit webinar som handlar om sosiale ferdigheter i barnehagekvardagen.

 

Kontaktinformasjon

Eldrid Hodneland Rasmussen, e-post: eldrid.hodneland.rasmussen@statped.no

For spørsmål om påmelding: Karen Sømhovd, karen.somhovd@statped.no 

Andre merknader

Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant

Aktuelle lenker
https://www.statped.no/autisme/
https://www.statped.no/autisme/autisme-og-sosial-kompetanse/
https://www.statped.no/laringsressurser/teknologitema/sosial-fungering-med-nettbrett-og-mobil/
 
Lenker til webinarrekkens øvrige kurs:
Moglegheiter for alle
Planarbeid i det inkluderande læringsmiljøet
Struktur og forutsigbarhet som grunnlag for trivsel og meistring
Korleis forstå atferd som utfordrar
Sensoriske vanskar og tilrettelegging
Støtte til språk og kommunikasjon når talespråk ikkje strekk til
"Saman om vår elev"
Sosiale ferdigheiter i barnehagen