Personvernerklæring kurs

Autisme. Webinar 7: Støtte til språk og kommunikasjon når talespråk ikkje strekk til

Dette webinaret vil gje innsikt i korleis du kan leggje til rette for kommunikasjon ved hjelp av alternative og supplerande kommunikasjonsformer (ASK) når barn og  unge heilt eller delvis manglar eit funksjonelt talespråk og i tillegg har autismespekterforstyrrelse (ASF).

Dette er ein del av ei webinarrekke med tema pedagogisk tilrettelegging for barn og unge innenfor autismespekteret. 
Oversikt og påmelding til dei ulike tema får du ved å opne kvart einskild webinar.

Dato: Onsdag 27. oktober 2021, kl. 1430 - 1515
Påmeldingsfrist: 26.10.2021
Målgruppe: Webinaret passer for alle som arbeider med barn, unge og vaksne som er tidleg i språk- og kommunikasjonsutviklinga si og som tar lite initiativ til kommunikasjon. Målgruppa er deg som arbeider i PPT, barnehage og skule, samt føresette.
Sted: Webinar, På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har utløpt.

Er du i oppstart med bruk av ASK til barn og unge med autismespekterforstyrring som har lite verbalt språk eller som ikkje har etablert tidlege kommunikasjonsferdigheiter? Opplever du det vanskeleg å komme i gang? Da vil kanskje dette webinaret passe for deg. Webinaret vil vise til metodiske tilnærmingar og korleis ein kan legge til rette for å auke opp personen sine initiativ i kommunikasjon ved hjelp av grafiske symbol.  Vi vil også komme inn på ferdigheiter som er grunnleggande for å vidareutvikle kommunikasjonsferdigheiter i samspel med andre. Deler av innhaldet i webinaret er snakka om 4.mai 2021, då under overskrift Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrring.

Kontaktinformasjon

Anita Sande, e-post: anita.sande@statped.no

For spørsmål om påmelding: Karen Sømhovd, e-post: karen.somhovd@statped.no

Andre merknader

Webinaret vil ikkje vere tilgjengleg i etterkant.

Aktuelle lenker
https://www.statped.no/autisme/pecs/
https://www.statped.no/alternativ--supplerende-kommunikasjon-ask/autisme-og-alternativ-og-supplerende-kommunikasjon-ask/
 
Lenker til webinarrekkens øvrige kurs:
Moglegheiter for alle
Planarbeid i det inkluderande læringsmiljøet
Struktur og forutsigbarhet som grunnlag for trivsel og meistring
Korleis forstå atferd som utfordrar
Sosiale ferdigheiter i skulekvardagen
Sensoriske vanskar og tilrettelegging
"Saman om vår elev"
Sosiale ferdigheiter i barnehagen