Personvernerklæring kurs

Kurs for elevar på 10. trinn med nedsett høyrsel og deira føresette

Kurs for føresette og elevar på 10. trinn skuleåret 2021/2022. Tema vil vere overgang til vidaregåande opplæring for elevar med nedsett høyrsel.

Dato: Onsdag 3.november og torsdag 4.november 2021 kl. 0900 - kl. 1330
Påmeldingsfrist: 22.10.2021
Målgruppe: Elevar på 10. trinn med nedsett høyrsel og deira føresette. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Kurset er gratis.

Statped arrangerer kurs om nedsett høyrsel og overgang til vidaregåande skule i samarbeid med Nordahl Grieg Vidaregåande skule. 

Kurset har som mål å førebu elev og føresette på overgangen til vidaregåande skule. 

Tema

  • Høyrselstekniske hjelpemiddel
  • Informasjon om ulike skuletilbod
  • Søknadsprosess, lovar og rettar
  • Bevisstheit rundt eige høyrselstap

Når
Kurs for elev: 3. november kl 09:00-15:30 og 4. november kl 08:00-15:00
Kurs for føresette: 3. november kl 09:00-15:00

Med etterhald om endring i program. 

Økonomi
Føresette som er i løna arbeid kan søkje NAV om opplæringspengar lf. Lov om Folketrygd § 9-13. Statped vil gje føresette stadfesting på kursdeltaking. Føresette har rett til permisjon for å delta på slike kurs jf. Arbeidsmiljøloven § 12-9 3. ledd.

Påmelding
I påmeldingsskjemaet er det viktig at du registrerer kvar person som kjem. Deltakar 1 (kontaktperson) er deg sjølv, så legg du til elev (legg til ny deltakar) og eventuelt ein føresett til, dersom det er aktuelt.

Svar på kva tre studielinjer i vidaregåande skule som er aktuelle for eleven.

Eleven kan få hospitere på to linjer i løpet av kurset. Vi vil gjere vårt beste for å innfri ønskje til eleven.

Kontaktinformasjon

Tharani Thangarajah
Tlf: +47 482 91 709
Epost: tharani.thangarajah@statped.no

Aktuelle lenker
Nordahl Grieg Vidaregåande skule:
Knutepunktskolen for elevar med nedsatt hørsel