Personvernerklæring kurs

Barnehagekonferanse 2015, Dei yngste barna i barnehagen

 

Barnehagekonferanse 11.-12. november 2015

"Dei yngste barna i barnehagen"

Kva inneber utvikling av god pedagogikk og praksis for dei yngste barna? Kva "nærer" og kva "tærer" utvikling hjå barn? Korleis kan vi sikre kvalitet i barnehagen for alle barn?

Konferansen gir kunnskap om nyare forsking om utvikling og behov hjå småbarn, og korleis ulike vilkår og rammevilkår kan bidra til å svekke eller å styrke utvikling hjå barn.

Ekstern føreleser er May Britt Drugli, professor v/NTNU, RBKU. Ho er m.a. forfatter av boka "Liten i barnehagen".

 

Dato: 11. november 2015 kl. 10 - 16, 12. november 2015 kl. 09.30 - 16.00
Påmeldingsfrist: 25.10.2015
Målgruppe: Pedagogar, styrarar og eigarar i barnehagesektoren, og tilsette i PPT
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Kr. 800,- pr deltakar (dekker konferanseavgift og enkel lunsj m/kaffi/te begge dagar)
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Det skjer ei rivande utvikling 1.- og 2. leveår, og dei yngste  barna har på mange område heilt andre behov enn eldre førskulebarn. Barnehagestart for så små barn er ein relativ ung tradisjon. Barnehagen som arena har no i oppgåve å ivareta barna si primærsosialisering i langt større grad enn tidlegare (trygg tilknyting, språkstart og sosial utvikling).

God barnehagestart og førebygging av "skeivutvikling" hos dei yngste barna vil redusere behovet for framtidig spesialundervisning.Konferansen vil sette fokus på kva utvikling av god pedagogikk og praksis for dei yngste barna inneber.