Personvernerklæring kurs

Talemotoriske vanskar

Kurset er retta mot logopedar og spesialpedagogar, men er også aktuelt for andre med interesse for fagfeltet som til dømes lærarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar.

Dato: 22.10.2015 kl. 09-15
Påmeldingsfrist: 09.10.2015
Målgruppe: Kurset er retta mot logopedar og spesialpedagogar, men er også aktuelt for andre med interesse for fagfeltet som til dømes lærarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar.

 

Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: 600,- inkludert enkel lunsj.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Kurset omhandlar artikulasjonsvanskar med hovudfokus på talemotoriske vanskar, slik som dysartri og dyspraksi. Slike vanskar kan vere knytta til ulike diagnosar som til dømes cerebral parese, erverva hjerneskade og Downs syndrom, men vanskane kan også vere spesifikt relatert til språk og artikulasjon. Kurset legg vekt på at fonologiske- og motoriske vanskar kan vere to sider ved ein artikulasjonsvanske, og at det er viktig å ta omsyn til begge. Funksjonskartlegging og tiltak retta mot dei motoriske vanskane, med utgangspunkt i Oral Placement Therapy (OPT), vil vere sentralt. Ein vil vise korleis ein nyttar Nordisk Orofacial Test - Screening (NOT-S) og Norsk fonemtest som viktige reiskap i kartlegging og differensialdiagnostisering. Motorisk trening i arbeid med artikulasjonsvanskar er ikkje tilstrekkeleg og må kombinerast med andre tiltak for språklydutvikling.

Kurshaldarar er Lise Beate Estil og Hege Anita Holte frå Statped midt.

Kontaktinformasjon

Kontaktinfo: 

Faglege spørsmål:  Hilde Brenne, seksjonsleiar:  hilde.brenne@statped.no,

Praktiske spørsmål:  Cecilie Kaarbø, kursadminitrator: cecilie.kaarbo@statped.no