Personvernerklæring kurs

Bruk av høyreteknisk utstyr for CI-brukarar og brukarar av høyreapparat i barnehage og skule

Kurset sett fokus på bruken av høyreteknisk utstyr i barnehage og skule og dei utfordringar dette fører med seg.

Konsekvensar av eit høyretap og den rollen høyretekniske hjelpemiddel har. Behov for eit godt lyttemiljø og korleis vi oppnår det. Hva må vere på plass i barnehage/skule? Hva seier forsking om høyrslehemma barn i barnehage/skule?

Dato: 10.02.2016 kl. 09 - 15
Påmeldingsfrist: 27.01.2016
Målgruppe: Pedagogar i barnehage og skule til høyrslehemma barn og unge.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: kr. 600 inkludert lunsj og kursmateriell
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Det vert to parallelle førelesingar:  

    For pedagogar som har elevar som nyttar CI.

    For pedagogar som har elevar som nyttar høyreapparat.

Korleis virker apparatet?  Hva slags høyrsel for barnet?  Bruk og vedlikehald, tilleggsutstyr som kan nyttast, fordelar og ulemper med bruk av apparatet.  Utveksling av erfaringar.

Førelesarar:

Audiofysiker Marte Rønningen, Statped midt

Audioingeniør Olav Overvik, Statped midt

Audiopedagog Pat Pritchard, Statped vest