Personvernerklæring kurs

Skulebarn som stammar- ein workshop

Workshop for deg som arbeider med skulebarn i alderen 6-12 år som stammar og ynskjer å få inspirasjon til eiga logopediske arbeid.

Dato: Onsdag 03.02.2016 kl. 10 - 15
Påmeldingsfrist: 20.01.2016
Målgruppe: Logopedar som jobber kommunalt eller privat med skulebarn som stammar.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: 600,- inkl. enkel lunsj
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Dagen vil ikkje innehalde ei vanleg førelesing men vil heller skape plass for fagleg dialog blant deltakande logopedar. Workshopen vil starte med å gje ei kort oversikt over ulike element i behandling. Deltakarane skal ta med eit eiga kasus som utgangspunkt for vidare diskusjon rundt vurdering og tiltak. Kasuset kan vere noverande eller tidlegare klientar. Gruppa vil vere liten (maks seks deltakarare) og derfor vert det plass for fleksibilitet og for undring. Formen på workshopen vert fagleg drøfting heller enn rollespel og praktiske øvingar. For å svare på spørsmål som kjem opp under diskusjonane kan vi som ei gruppe sjå på ressursar som kan vere vesentlege for ideutvikling og fagleg påfyll.

Kontaktinformasjon

 

 

Andre merknader

Deltakarane må ta med minst eit kasus. Film eller lydopptak kan delast med gruppa om ønskjeleg.

Kursansvarleg er Malin Dybedahl Dalby. For spørsmål om innhaldet i kurset, kontakt malin.dalby@statped.no.