Personvernerklæring kurs

Når skole og PPT møter kvarandre i Hordaland.

 

Kurset fokuserer på skole og PPT sitt felles ansvar for samordning og koordinering av generelle og spesielle tiltak i ein inkluderande skole.  Ei samordning kan bidra til at talet på elevar med behov for spesialundervisning går ned.

Korleis tolke og forstå regelverket? Vi vil rette merksemda på korleis opplæringssektoren kan løyse utfordringane i Utdanningsdirektoratet sine utviklingsdokument, m.a. rettleiaren "Tidleg innsats".

Korleis skape samanheng i prosessar frå tilvising, utgreiing, sakkunnig vurdering og enkeltvedtak til Individuell opplæringsplan?

Kurset er eit todagars kurs med høve til mellomliggande arbeid. Det er ikkje høve til å melde seg på berre ein av dagane.

Dato: 07.04.2016 og 11.05.2016 begge dagar kl. 09:30-16:00
Påmeldingsfrist: 18.03.2016
Målgruppe: Skuleeigarar, rektorar, skuleleiing elles, pp-leiarar og pp-medarbeidarar. 

 

Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: kr. 600 for beggar dagar inkludert enkel lunsj
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Kurset omfattar følgjande tema:

  • tolking og forståing av regelverket
  • døme på samhandling mellom skoleeigar - skoleleiar - ppt
  • spesialpedagogikken sitt potensiale innanfor tilpassa opplæring
  • organisering av ei inkluderande undervisning
  • operasjonalisering av kompetansemål frå sakkunnig vurdering og  enkeltvedtak til IOP
  • ulike døme frå praksis

Kontaktinformasjon

Merete Arnesen: merete.arnesen@statped.no

 

Andre merknader

Vi oppmodar kommunar til å samordne påmeldinga slik at både skuleeigarar, skuleleiarar og ppt er representerte.