Personvernerklæring kurs
Når barnehage og PPT møter kvarandre i Hordaland.
Når barnehage og PPT møter kvarandre - vårt felles ansvar for samordning og koordinering av generelle og spesielle tiltak i ein inkluderande barnehage. Korleis skape samanheng i prosessar frå tilvising, utgreiing, sakkunnig vurdering og enkeltvedtak til Individuell utviklingsplan for barn med rett til spesialpedaogisk hjelp. Det vert lagt stor vekt på døme frå praksis.
Kurset er eit todagars kurs med høve til mellomliggande arbeid. Det er ikkje høve til å melde seg på berre ein av dagane.
KursOppdatert: 17.01.2017
Dato: 06.04.2016 og 12.05.2016. Begge dagar kl. 09:30 - 16:00
Påmeldingsfrist: 18.03.2016
Målgruppe: PPT, barnehageeigarar, leiarar i barnehage.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: kr. 600 inkludert enkel lunsj begge dagane
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.
Kurset omfattar følgjande tema:
- døme på korleis skape gode møteplassar
- korleis organisere barnehagedrifta slik at barn med særskilde behov blir ein naturleg del av barnehagekvardagen
- grenseoppgangar mellom spesialpedagogisk hjelp og ordinær oppfølging - kva seier lover, forskrifter m.v
- pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen i ei spesialpedagogisk ramme
- kvifor treng eigar / leiar og pp-rådgjevarar kunnskap om individuell utviklingsplan (IUP)
Kontaktinformasjon
Merete Arnesen. merete.arnesen@statped.no
Andre merknader
Vi oppmodar kommunar om å samordne påmeldinga slik at både barnehageeigar, barnehageleiing og ppt er representerte.