Personvernerklæring kurs

Fagtorg vest - digitalt 2020

Fagtorget er ein konferanse utan eit overordna tema. Her kan du sjølv "plukke" ut dei tema du ønskjer å sjå. Innhaldet er knytt til Statped sine oppgåver og målgrupper.

I år digitaliserer vi Fagtorg vest, som ei vidareutvikling av dei ordinære Fagtorga. Vi vil samle erfaringar for å sjå kva vi kan få til ved digital gjennomføring, noko som er aktualisert gjennom koronakrisa.

Dato: Onsdag 28. oktober 2020, kl. 0900 - 1500
Påmeldingsfrist: 27.10.2020
Målgruppe: Målgruppa er PPT, lærarar og barnehagelærarar i region vest. Andre innan utdanningssektoren kan og delta. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Programmet inneheld tre direktesende fagøkter og åtte parallelle webinar med ulike tema. Du kan følgje det digitale Fagtorget via Statped.no, og om du er med heile dagen kan du få med deg tre direktesendingar og velgje fire av åtte webinar:

Tema i dei direktesende fagøktene / «plenum» – a 45 minutt:

  • Alvorleg skulefråvær hos barn og unge med nevroutviklingsforstyrrelser
  • Tett på – korleis skal skule og barnehage nytte eit PPT som er tettare på?
  • Barnet si stemme for god skulelivskvalitet

Tema i webinara / «parallellsesjonar» - a 25 minutt:

  • Lek, læring, samspel og kreativitet gjennom programmering. Alle kan delta!
  • Åtferdsendring etter hjerneristing
  • Når eleven har teiknspråk som fyrstespråk, korleis er eksamen og korleis er overgangen til vidaregåande skule?
  • Synet si betydning for utvikling og læring hos barn
  • Dynamisk samarbeid mellom Statped og PPT - Lågterskeltilbod med rask respons
  • Vurdering av fleirspråklege elever sin språkutvikling- eit samarbeid mellom skule og PPT
  • Kombinert syns- og høyrselstap: Konsekvensar for barnet og korleis leggje til rette
  • Å lese bildebok-appar saman med barn

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Send e-post til:

Inga.Fjelltveit.Skagseth@statped.no

Magne-Bjarte.Hatlem@statped.no

walther.olsen@statped.no

 

Andre merknader

Vi ønskjer at du registrerer deg som deltakar med e-postadressa di. På det viset kan vi sende deg påminningar og oppdatert informasjon, og samstundes håpar vi at du kan svare på ei evaluering når Fagtorget er gjennomført.