Personvernerklæring kurs

Kurs i Lidcombe-programmet - tiltak i høve stamming hos førskolebarn

Kurshaldarane er Corinne Moffatt-Santos og Rosemarie Hayhow. Begge har lang erfaring innan taleflytfeltet i Storbritania. Kurset inneber teoretisk førelesing, observasjon av videoklipp med etterfylgjande diskusjon, gruppediskusjon og praktiske aktivitetar som skal gjere logopeden  i stand til å nytte metoden.

Merk at kurset vert halde på engelsk og går over to dagar.

Max antal plassar: 20 personar

Dato: Mandag 28. august og tirsdag 29. august 2017 kl. 09:00 - 16:00 begge dagar
Påmeldingsfrist: 01.06.2017
Målgruppe: Logopedar som arbeider med tidleg stamming (barnehagealder eller tidleg skulestart) og logopedstudentar. 
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Pris: Kr 2.500 inkl. enkel lunch
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Tilsvarande kurs vert heldt i Trondheim 31.08 - 01.09.17

Lidcombe er eit tiltaksprogram for førskulebarn som stammar. Det er ein vel akseptert metode innan fagfeltet. Foreldra er hovedaktørar i programmet og oppfylgjinga vert gjennomført dagleg i barnet sine omgjevnader under rettleiing frå logoped. Logopeden si oppgåve er å rettleie foreldra til å ta i bruk elementa som inngår i programmet. 

Kontaktinformasjon

Cecilie Kaarbø          55 92 34 17 cecilie.kaarbo@statped.no

Ragnhild Heitmann  55 92 34 30  ragnhild.r.heitmann@statped.no 

Andre merknader

Kursavgifta inkluderer eit arbeidshefte som vert nytta gjennom kurset. Ver merksam på at kurset ikkje kan gjennomførast ved for få deltakarar.

Aktuelle lenker
Les meir om Lidcombe programmet på Universitetet i Sydney si nettside: https://sydney.edu.au/health-sciences/asrc/Clinic/parents/lidcombe.shml