Personvernerklæring kurs

Kurs for elevar på 5. trinn som er svaksynte og les visuelt (veke 14/2019)

Eit sentralt tema i kurset er korleis hjelpemiddel og digitale læringsressursar kan bidra til å styrke eleven sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving.

Dato: 02.04 - 04.04.2019 kl. 11:00 - 15:00
Påmeldingsfrist: 11.02.2019
Målgruppe: Kurs for elevar på 5. trinn, deira foreldre og skulens personale. Alle tre partane må delta. Elevar på 5. trinn kan velje " Selvstendighet i dagliglivet for elever med synshemming" i staden for dette kurset. Sjå lenke under.
Stad: Statped, kurssenteret, Sandbrekkevegen 27 , 5231 Paradis, Bergen
Pris: Ingen kursavgift. Statped dekkjer utgifter til kost og opphald for alle deltakarar. Statped dekkjer ikkje reiseutgifter.
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Statped ber om at skolen melder på elevar, føresette og skolen sitt personale.

PPT må søkje om kurs for elevar som ikkje har vedtak om tenester frå Statped. Nytt søknadsskjema for individbaserte tenester. Skolen må i tillegg nytte kurskalenderen på statped.no for påmelding til kurset.

Skjema for søknad om individbaserte tenester

Totalt antall plassar for elevar på kurset: minimum 4, maksimum 8.

 

 Overordna målsetting for Statpeds kurstilbod til synshemma elever er å:

  • Stimulere lærelysta hjå eleven og gje auka læringsutbytte. 
  • Motivere eleven til å utvikle formålstenlege arbeidsmåtar, læringsstrategiar og synskompenserande ferdigheiter. 
  • Støtte skulen sitt arbeid med å gje eleven eit godt læringsutbytte i eit inkluderande læringsmiljø. 
  • Styrke føresette sine mogelegheiter for å ta aktivt del i eleven si opplæring.

Eleven sine føresette  og skulen sitt personale har delvis separate kursopplegg, og delvis program saman med elevane.

Tema kan vere:

  • Læringsfellesskap kring bruk av optiske hjelpemiddel
  • Betjene forstørringsprogram / tilpasingsmogelegheitar på pc 
  • Touch og hurtigtastar 
  • Appar, nettbrett og smarttelefon
  • Vi søker opp informasjon frå ulike medier 
  • Vi lager og framfører eigne presentasjonar 

Vi tek utgangspunkt i kompetansemål i naturfag og matematikk. Kurset vil også omfatte mobilitet og fysisk aktivitet. 

I deler av kurset blir det lagt opp til eigne tema for føresette og pedagogisk personale:

  • Bruk av hjelpemiddel og lærinngsressursar 
  • Det psykososiale miljøet: Inkludering og samhandling 
  • Aktuelle rettigheiter i opplæringslova 
  • Arbeid med kompetansemål og vurdering 
  • Tilretteleggjing ved prøver 
  • Mobilitet og sjølvstende 
  • Aktivitetar i dagleglivet (ADL)

Det vert sett av tid til erfaringsutveksling og arbeid i grupper.

Vi tek atterhald om mindre endringar i kursprogram.

Dette kurset er for regionane vest, midt og nord. Tilsvarande kurs vert arrangert i region sør-aust veke 10 og 11.

 

 

Kontaktinformasjon

Kursleiar:

Kari Aarvik tlf. 55 92 34 43, e - post : kari.aarvik@statped.no

 

Andre merknader

Det vert halde to like kurs i veke 13 og 14. Om det er få påmelde får alle tilbod om kurs i veke 13 og kurset i veke 14 vert avlyst.

Aktuelle lenker

Elevar på 5. trinn kan velje " Selvstendighet i dagliglivet for elever med synshemming. Mellomtrinnet.

Selvstendighet i dagliglivet for elever med synshemming. Mellomtrinnet

Vi oppfordrar personale og føresette til å gjere seg kjend med dei to veilederne som danner basis for innhaldet i Statped sine kurs for synshemma elever:

Rettleiar om opplæring i punktskrift,mobilitet og bruk av tekniske hjelpemiddel:

Rettteleiar om kompetansemål for elevar med synshemming
Føresette sine rettar når dei deltar på kurs