Personvernerklæring kurs

Når skole og PPT møter kvarandre på Haugalandet.

 

Kurset fokuserer på grunnskolen og PPT sitt felles ansvar for samordning og koordinering av generelle og spesielle tiltak i ein inkluderande skole.  Ei slik samordning kan bidra til at talet på elevar med spesialundervisning går ned.

Korleis tolke og forstå regelverket? Vi vil rette merksemda på korleis opplæringssektoren kan løyse utfordringane i Utdanningsdirektoratet sine utviklingsdokument, m.a. rettleiaren "Tidleg innsats". 

Korleis skape samanheng i prosessar frå tilvising, utgreiing, sakkunnig vurdering og enkeltvedtak til Individuell opplæringsplan?

Det vert lagt stor vekt på døme frå praksis.

Kurset er eit todagars kurs med høve til mellomliggande arbeid. Det er ikkje høve til å melde seg på berre ein av dagane.

NB:  Sted:

03.03.16 haldast kurset :  Tabernaklet, Skåregata 131. 5527 Haugesund

20.04.16 haldast kurset : Tysværtunet Kulturhus, Aksdalsvegen 157 Aksdal

 

Dato: 03.03.16 og 20.04.16. Begge dagane kl. 09:30 - 16:00
Påmeldingsfrist: 24.02.2016
Målgruppe: Skoleeigarar, rektorar, skoleleiing elles, ppt-leiarar og ppt-medarbeidarar.  
Stad: Se nærmere informasjon over, , 5527 Haugesund
Pris: kr. 600 inkludert enkel lunsj for begge dagane
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Kurset omfattar følgjande tema:

  • tolking og forståing av regelverket
  • døme på samhandling mellom skoleeigar - skoleleiar - ppt
  • spesialpedagogikken sitt potensiale innanfor tilpassa opplæring
  • organisering av ei inkluderande undervisning
  • operasjonalisering av kompetansemål frå sakkunnig vurdering, vedtak til IOP
  • ulike døme frå praksis

Kontaktinformasjon

Merete Arnesen: merete.arnesen@statped.no

Andre merknader

Kurset vert arrangert i samarbeid med Haugalandsløftet.  

Vi oppmodar kommunar til å samordne påmeldinga slik at både skuleeigarar, skuleleiarar og ppt er representerte.