Personvernerklæring kurs

ASK webinarrekke med fleirfagleg tema. Skriftspråklege ferdigheiter, Literacy og ASK

Dette webinaret vil gje innsikt i korleis dei tidlege erfaringane med skriftspråket kan tas inn i lese- og skriveopplæringa til barn og unge med behov for ASK. Ved å få moglegheita til å lære å skrive vil barn kunne formidle seg sjølvstendig og ta del i skulen sin undervisning. Du finn lenke til dei andre webinara lenger nede på sida.

Dato: Tirsdag 27. april 2021, kl. 1430-1500
Påmeldingsfrist: 24.04.2021
Målgruppe: Tilsette i PP-tenesta og deg som arbeider med barn, unge eller vaksne med behov for ASK. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Barn, unge og vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ei samansett gruppe. Dei har ulike behov som ein må ta omsyn til når ein skal legge til rette for inkluderande praksis i fellesskapet barnet, eleven eller den vaksne med behov for ASK er ein del av. I denne webinarrekka vil vi ta frem nokre aktuelle emne og sjå på dei frå ulike falgege ståsteder.

Barn gjer seg erfaringar med skriftspråk og tekst gjennom at dei blir lest for, dei teiknar og skriblar, dei leikeles og leikeskriv, for i aukande grad å sjølv utforske bokstaver, bokstavlyder og kombinasjonar av desse. Barn med behov for ASK skal også få høve til å gjere seg dei same erfaringane. Gjennom dette webinaret vil du få innsikt i korleis dei tidlege erfaringane med skriftspråket kan tas inn i lese- og skriveopplæringa. Ved å få moglegheita til å lære å skrive vil barn kunne formidle seg sjølvstendig og ta del i skulen sin undervisning. Vi vil også vise til forsking som underbygger anbefalingane om tilnærming til å lære å lese via skriftspråkleg stimulering, for barn som har behov for ASK. 

Kontaktinformasjon

Åse Engeland, kurs@statped.no

Aktuelle lenker
Webinaret er ein del i ei fleirfagleg kursrekke, men du kan melde deg på kursa enkeltvis. Her er lenke til dei andre webinara i kursrekka som er publisert: 
ASK webinarrekke: Syn og ASK
ASK webinarrekke: Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrrelser
ASK webinarrekke: Atypisk kommunikasjonsutvikling
ASK webinarrekke: Erverva hjerneskade (EHS) og ASK
 
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til alle påmeldte. Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.