Personvernerklæring kurs

ASK webinarrekke med flerfaglig tema. Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrrelser

Når barn med autisme skal lære å kommunisere med alternative kommunikasjonsformer er det ikkje alltid nok å bli eksponert for ASK. I dette webinaret vil du få ei kort innføring i metodikken PECS, og få nokre andre praktiske tips/metodar som aukar sjansen for å komme i gang med ASK. Du finn lenke til dei andre webinara lenger nede på sida.

Dato: Tirsdag 4. mai 2021 kl. 1430-1500
Påmeldingsfrist: 30.04.2021
Målgruppe: Tilsette i PP-tenesta og deg som arbeider med barn, unge eller vaksne med behov for ASK. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis

I denne webinarrekka vil vi ta frem nokre aktuelle emne og sjå på dei frå ulike faglege ståstader.

Barn tileignar seg språk- og kommunikasjons-ferdigheitar ved å observere og høyre språk i kvardagen.  For barn med autisme er det ikkje alltid nok å bli “bada i språk”. Manglande interesse for sosialt samspel hindrer kommunikasjonsutviklinga. Forsking viser at talespråk som blir understøtta av grafiske symbol støtter kommunikasjonsutviklinga, men ofte vil miljøet rundt likevel streve med å motivere barn med autisme til å komme i gang med ASK. Når barn med autisme skal lære å kommunisere med alternative kommunikasjonsformer er det ikkje alltid nok å bli eksponert for ASK. I dette webinaret vil du få ei kort innføring i metodikken PECS, og få nokre andre praktiske tips/metodar som aukar sjansen for å komme i gang med ASK. 

Kontaktinformasjon

Åse Engeland, kurs@statped.no

Aktuelle lenker
Webinaret er ein del i ei fleirfagleg kursrekke, men du kan melde deg på kursa enkeltvis. Her er lenke til dei andre webinara i kursrekka som er publisert: 
ASK webinarrekke: Syn og ASK
ASK webinarrekke: Skriftspråklige ferdigheiter, Literacy
ASK webinarrekke: Atypisk kommunikasjonsutvikling
ASK webinarrekke: Erverva hjerneskade (EHS) og ASK
 
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til alle påmeldte. Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.