Personvernerklæring kurs

ASK webinarrekke med fleirfagleg tema. Atypisk kommunikasjonsutvikling - møte, kartlegge og strukturere tidleg kommunikasjon.

Dette webinaret gir innblikk i tidleg kommunikasjonsutvikling og omhandler særskilt dei som av ulike årsaker har ei atypisk utvikling. Du vil få ei kort innføring i korleis møte, kartlegge og strukturere tidleg kommunikasjon. Du finn lenke til dei andre webinara lenger nede på sida.

Dato: Tirsdag 11. mai 2021 kl. 1430-1500
Påmeldingsfrist: 10.05.2021
Målgruppe: Tilsette i PP-tenesta og deg som arbeider med barn, unge eller vaksne med behov for ASK. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis

I denne webinarrekka vil vi ta frem nokre aktuelle emne og sjå på dei frå ulike faglege ståstader.

Kommunikasjon er grunnleggande i all menneskeleg aktivitet, og alle mennesker er født som kommuniserande individ. Å forstå og bli forstått er avgjerande i alle våre medmenneskelege forhold. Vi skal i dette webinaret gå gjennom den tidlege kommunikasjonsutviklinga. Vi vil ha spesielt fokus på dei menneska vi møter som har ei atypisk kommunikasjonsutvikling. Det vil seie barn, unge eller vaksne som av ulike årsaker ikkje følgjer den «vanlege» kommunikasjonsutviklinga. Vi vil gå inn på korleis ein kan møte mennesker med atypisk kommunikasjon gjennom å oppdage og gjenkjenne deira språklege og meiningsdannande utrykk som kommunikasjon. Vi vil og gå inn på korleis ein kan kartlegge og strukturere kommunikasjonen, og avslutningsvis ta for oss korleis ein kan jobbe strukturelt med å skape eit godt språkmiljø som er utviklande og meiningsfullt. 

Kontaktinformasjon

Åse Engeland, kurs@statped.no

Aktuelle lenker
Webinaret er ein del i ei fleirfagleg kursrekke, men du kan melde deg på kursa enkeltvis. Her er lenke til dei andre webinara i kursrekka som er publisert: 
ASK webinarrekke: Syn og ASK
ASK webinarrekke: Skriftspråklige ferdigheiter, Literacy
ASK webinarrekke: Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrrelser
ASK webinarrekke: Erverva hjerneskade (EHS) og ASK
 
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til alle påmeldte. Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.