Personvernerklæring kurs

ASK webinarrekke med fleirfagleg tema: Erverva hjerneskade og ASK

Dette webinaret  viser korleis du kan legge til rette for å støtte eit barns veg til ein ny måte å kommunisere på etter erverva hjerneskade. Vi nytter en modell som vi har laga etter inspirasjon frå nevromedisinsk forståing. Du finn lenke til dei andre webinara lenger nede på sida.

Dato: Tirsdag 25. mai kl. 1430-1500
Påmeldingsfrist: 22.05.2021
Målgruppe: Tilsette i PP-tenesta og deg som arbeider med barn, unge eller vaksne med behov for ASK. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis
Påmeldingsfristen for dette kurset har gått ut.

Barn, unge og vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ei samansett gruppe. Dei har ulike behov som ein må ta omsyn til når ein skal legge til rette for inkluderande praksis i fellesskapet barnet, eleven eller den vaksne med behov for ASK er ein del av. I denne webinarrekka vil vi ta frem nokre aktuelle emne og sjå på dei frå ulike faglege ståstader. 

Vanskar med å kommunisere kan være ein av dei funksjonsforstyrringane barn, unge eller vaksne får etter ein erverva hjerneskade. Vi vil vise korleis du kan legge til rette for å støtte eit barns veg til ein ny måte å kommunisere på etter erverva hjerneskade. Det vil vi gjere ved å påpeike nokre viktige moment som vi knytter til ulike eksempel frå praksis. Vi vil beskrive utvikling av kommunikasjon etter ervervet hjerneskade hjå barn og unge ved å nytte en modell som vi har laga etter inspirasjon frå nevromedisinsk forståing, og teori om kommunikasjonsutvikling for pedagogisk tilrettelegging.  

Vi vil vise betydninga av kunnskap, tverrfagleg/tverretatleg samarbeid, og barnets medverking som viktige faktorar.

Kontaktinformasjon

Åse Engeland, kurs@statped.no

Aktuelle lenker
Webinaret er ein del i ei fleirfagleg kursrekke, men du kan melde deg på kursa enkeltvis. Her er lenke til dei andre webinara i kursrekka som er publisert:
ASK webinarrekke: Skriftspråklige ferdigheiter, Literacy
ASK webinarrekke: Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrrelser
ASK webinarrekke: Atypisk kommunikasjonsutvikling
ASK webinarrekke: Syn og ASK
 
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til alle påmeldte. Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.