Personvernerklæring kurs

ASK webinarrekke med fleirfaglig tema. Syn og bruk av ASK

Dette webinaret viser nokre ulike deler av synsfunksjonen, og korleis ein kan oppdage synsvanskar. Vi vil gje døme på god tilrettelegging for stimulering av synet og korleis ein kan jobbe med ASK og barn som har utfordringar med synsfunksjonen. Du finn lenke til dei andre webinara lenger nede på sida.

Dato: Tirsdag 18. mai 2021 kl. 1430-1500
Påmeldingsfrist: 15.05.2021
Målgruppe: Tilsette i PP-tenesta og deg som arbeider med barn, unge eller vaksne med behov for ASK. 
Stad: På din PC, nettbrett eller mobil
Pris: Gratis

Barn, unge og vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ei samansett gruppe. Dei har ulike behov som ein må ta omsyn til når ein skal legge til rette for inkluderande praksis i fellesskapet barnet, eleven eller den vaksne med behov for ASK er ein del av. I denne webinarrekka vil vi ta frem nokre aktuelle emne og sjå på dei frå ulike faglege ståstader. 

Synet består av mange delfunksjonar. Synet er ikkje ferdig utvikla når vi blir født. For at synet skal utvikle seg treng det å bli stimulert. I dette webinaret skal vi sjå litt på nokre ulike deler av synsfunksjonen, og vise korleis ein kan oppdage vanskar. Vi vil gje nokre døme på god tilrettelegging for stimulering av synet og korleis ein kan jobbe med ASK med barn som har utfordringar med synsfunksjonen. 

Kontaktinformasjon

Åse Engeland, kurs@statped.no

Aktuelle lenker
Webinaret er ein del i ei fleirfagleg kursrekke, men du kan melde deg på kursa enkeltvis. Her er lenke til dei andre webinara i kursrekka som er publisert:
ASK webinarrekke: Skriftspråklige ferdigheiter, Literacy
ASK webinarrekke: Grafisk symbolkommunikasjon for barn med autismespekterforstyrrelser
ASK webinarrekke: Atypisk kommunikasjonsutvikling
ASK webinarrekke: Erverva hjerneskade (EHS) og ASK
 
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til alle påmeldte. Webinaret vil ikkje vere tilgjengeleg i etterkant.